24
apr

Nordhordland Skiklubb feira sesongavslutning for sine medlemmar i Nordhordlandshallen i går kveld. Under oppsumeringa av skisesongen 2012  vart rekrutteringa framheva som det store lyspunktet for klubben.

- Det viser berre korleis tilbod genererer aktivitet og korleis aktivitet skapar trivsel og meistring. Resultata til dei to stafettlaga våre i Ørnarstafetten er eit godt døme på at det går an å gå fort på ski sjølv om snøforholda her på strilelandet ikkje er all verden å skryte av, sa leiar Claus Sellevoll.

Medlemmane  fekk også sjå videosnuttar frå fleire av kretsrenna dei hadde delteke i. Dei yngre skiløparane fekk utdelt diplomer for flott innsats både på trening og i skirenn, og kvelden blei feira med pizza og brus frå Pizza Planet i Knarvik.

Les Strilen og Nordhordland

13
apr
Nordhordland Skiklubb

Me inviterar til sesongavslutning i kantina i Nordhordlandshallen mandag 23.april kl 19:00 .

Me håpar at alle våre medlemmer, trenarar og foreldre kan bli med. Me tek også ei oppsummering og orienterer om aktivitetane og om planar for neste sesong.

Meld deg/dykk på ved å senda ein epost til: post@nordhordlandskiklubb.no

Vel møtt!

01
apr
Nordhordland Skiklubb

NB! Dette er aprilsnarr !

Får privat sponsor

Nh Skiklubb sin skiveteran Claus Sellevoll får økonomisk hjelp av imponert tilhenger. Claus Sellevoll får 450.000 kroner fordelt på to år til satsing og er svært takknemlig.

– Claus vil få 225 000 kroner per år i to år av mitt og min kones selskap, sier gründer og mangemillonær Eddie Mikal Ebbesvik. Claus virker å være en meget hyggelig og jordnær fyr. Jeg gleder meg over å kunne hjelpe ham, sier Ebbesvik som leder merkevareprodusenten Pissing Wimp i tillegg til G-Sport sine bedrift og klubbavdelinger på Vestlandet. Han forteller videre hva som gjør at han vil bidra:

– Jeg kjenner ikke Claus som person, men har lest om ham i avisene og fulgt med så godt jeg kan. Jeg er imponert, og derfor tok jeg kontakt, sier Eddie M Ebbesvik .

– Dette er helt rått. Jeg er fryktelig takknemlig. Det betyr at jeg kan slippe å tenke på  artistkarrieren i to år, men i stedet ha fullt fokus på å trene og gjøre det jeg skal for å bli best mulig, sier veteranen.

 


 

25
mar

Nordhordland Skiklubb sin trio Andreas Nergård, Erlend Kvamme Kalnes og Herman Alvær slo til og vann bronsemedalje i Ørnarstafetten. Dei tre gutane som går i gutar 8 – 10 år gjekk nærmast over evne då skisesongen vart avslutta med stafett i Myrkdalen sundag.

Andreas Nergård gjekk ein meget god 1. etappe og Nordhordland Skiklubb veksla som lag nummer 10 etter første etappe. På den andre etappen gjekk Erlend som eit villdyr og distanserte heile sju lag før han sende ankermann Herman Alvær ut på sjarmøretappen. Herman forsvarte seg mot all motstand bakfrå og skøyta inn til ein svært sterk 3. plass.  I målområdet jubla dei to lagkameratane som var raskt borte for å gratulere Herman med innsatsen. Gutar 8-10 år gjekk  3 x 1 km i fristil og klassen talde 17 lag så prestasjonen til dei tre skiløparane talar for seg sjølv.

Også i klasse gutar 11-12 år stilte Nordhordland Skiklubb med eitt lag. Dei gjekk 3 x 2 km der 1 .etappe gjekk i klassisk stil medan 2. og 3. etappe held fram i fristil. Knut Eirik Kolstad gjekk ein sterk opningsetappe og låg ei stund heilt oppe på 4.plass før han mista eine staven og måtte sjå fleire lag passere seg før første veksling. Men det var ei fryd å sjå Knut Eirik forsere motbakkane i diagonalgang. Med eit kraftig fråspark og god tyngdeoverføring var det som å sjå Harald Grønningen i glansdagane. Knut Eirik ga Martin Kvamme Kalnes klappet på skuldra og Martin fauk sine to kilometer så «slush´n» spruta rundt han. Med sitt beste skøyterenn for året på sin 2. etappe kunne Martin senda Jonas Dalland ut på sisteetappen tett fulgt av ei klynge løparar hakk i hæl. I den siste tunge motebakken brukte Jonas kjempekreftene sine og på flatane inn mot mål var gjengen bak han borte som dogg for sola. Jonas sikra dermed 8. plassen for Nordhordland Skiklubb. Ein sterk prestasjon også av den eldste trioen vår som gjekk i ein klasse med 16 lag til start.

Etter premieutdelinga i Åmotslia reiste stafettheltane, foreldre og lagleiarar frå skiklubben ned på Peppes Pizza på Vossevangen for å feira den strålande skidagen i Myrkdalen.

Endelige resultat Ørnarstafetten 2012

Les Strilen 29032012-side16

21
mar

Nordhordland Skiklubb og Claus Sellevoll er begge tildelt idrettsstipend frå Lindås Idrettsråd for 2012. Stipenda vart delt ut i samband med opninga av Lindåshallen onsdag 21. mars. Både Claus Sellevoll og Atle Austrheim som mottok stipendet på vegne av skiklubben var tilstades under prisutdelinga.

Det første stipendet på kr 5 000,- gjekk til skiklubben for sin innsats i arbeidet for auka aktivitet, attraktivitet og for styrkjing av medlemsmassen, ikkje berre innanfor eiga idrettsgrein i regionen Nordhordland, men også for idretten generelt. Vidare heiter det : Medlemmene blir i denne klubben ikkje målt på resultat men på det å ha det moro. Dei vert følgt opp på individuell framgang og utvikling ut frå eigen ståstad. Trivsel i klubbsamværet er fundamentet der filosofien er at resultat kjem automatisk når dei nemnte tinga blir ivaretatt og fulgt opp av dei dyktige og engasjerte leiarane og trenarane som denne klubben har. Stipendmottakeren som trivs best i minusgrader på vinterføre er nytenkjande og framtidsretta, søker samarbeid som får positive ringverknader, ikkje berre for eige idrettslag, men for alle impliserte partar.

Claus Sellevoll fekk det andre stipendet for sitt lagsarbeid med særleg engasjement for skiidretten i Nordhordland både gjennom sitt arbeid som leiar og som idrettsutøvar. I grunngjevinga heiter det at han er opptatt av rekruttering og er eit stort føredøme for dei yngre løparne.

Det er første gong skisporten er tildelt idrettstipend frå Lindås kommune.

Formålet med Lindås Idrettsråd sitt idrettsstipend er å stimulera mottakaren til vidareutvikling og utdanning innan idrett og aktivitetar relatert til idrettsleg fysisk og psykisk fostring.

Les Strilen her…

Avsluttar skisesongen med Ørnarstafetten…

18
mar
Nordhordland Skiklubb

Knarvik-veteranen Steinar Mørch imponerte i sitt 20. Birkebeinar-renn.

Steinar Mørch var den første ut av Nordhordland Skiklubb sine 14 påmelde og starta kl 7, ein time før eliteklassen. Mørch som i år gjekk sitt 20. birkebeinerrenn kom i mål på den svært sterke tida 3 timar, 33 minutt og 55 sekund. I ein alder av 65 år persa Mørch med over 3 minutt (!).

- Det seier litt om kor fort du har gått tidligere kom det spøkefullt frå lagkamerat Kenneth Alvær -  til stor latter frå resten av gjengen i skiklubben.

Les meir om våre deltakarar i nh ….     nh21032012side30   nh21032012side31

Les Strilen her..

 

 

Birken Topp 200 Menn

BT: Artisten som vart birkebeinar

Dagens Næringsliv : Revyartist slo OL-vinner

Åsane Tidende

Dropper mat under langløp

16
mar

Nordhordland Ski klubb har 14 påmelde til Birkebeinerrennet laurdag. Steinar Mørch (M65)er den lokale løparen med flest deltakingar. Mørch har ein imponerande Birken-statistikk med merker på alle sine 19 startar.

For å få merket i Birkebeinerrennet må ein komma innanfor eit tidskrav som er gjen nomsnittstida til dei fem beste i klassen, pluss 25 prosent. Rennet som går laurdag 17.mars vert det 75. Birkebeinerrennet. Skirennet er på 54 kilo -meter, i klassisk stil. Starten er på Rena, målpassering er på Birkebeineren skistadion på Lillehammer. Deltakarane må bera sekk på minst 3,5 kilo gjennom heile rennet. Rennet er fullteikna, med 16.500 påmelde.

Les om Birken i BT:

Artisten som blei langrennar

 

Dei andre deltakarane frå Nordhordland skiklubb er (i parentes klasse/tal merke/tal startar):

Anne Mørch (K55/7/10), Espen

Foseid Aakre (M30/0/1),

Bjørnar Stusdal (M25/0/1) Børge

Sellevoll (M35/0/0), Claus Selle -

voll (M35/3/3), Trond Austrheim

(M40/0/0), Sigve Eldøy (M45/

0/1), Kenneth Alvær (M45/8/9),

Torbjørn Aamli (M50/0/0), Atle

Austrheim (M50/1/3), Reidar

Ladehaug (M55/0/1), Rune

Minde (M55/0/2) og Harald

Håbrekke (M60/0/3).

12
mar

Varmegrader, sterke vindkast og piskande regn gjorde at tilhøva under Lindåsmeisterskapen på ski ikkje var heilt optimale. Men ein stor jobb var lagt ned på førehand og det sikra dei omlag 150 frammøtte deltakararne gode løyper og ei triveleg skihelg i Dyrkolbotn både laurdag og søndag. Planen var å gå skirenna i Dyrkolbotn, men grunna mildvér vart begge renna flytta ned til løypeanlegget på Gamlesætra. Begge dagar var tilhøva der gode og arrangøren kunne tilby brukbare løyper. Nokre løparar kommenterte riktignok at det var litt for blautt for stavtaka, medan andre tykte det var vel bratte motbakkar og unnarenn i «sukkersnøen», men elles fekk løypetrasèen rosande omtale.

Under sjølve renna var ikkje véret så ille. Dei fleste deltakarane tydde til raudt eller universal klister, men for mange såg ikkje det ut til å dempe farten i løypene. Ein av dei mest spennande duellane kom i 13-årsklassen. Knut Eirik Kolstad, Radøy/Manger og Jonas Dalland frå Nh Sykkelklubb fulgte kvarandre som skuggar under 3 kilometeren, men Jonas som starta halvminuttet bak Knut Eirik, gjekk til sist over målstreken 8 sekund føre Knut Eirik og vart lindåsmeister i gutar 13 år.

Også «skiskyttar»-stafetten søndag viste seg å vere eit smart trekk og det blei mange spennande oppgjer til stor jubel frå både deltakarar og publikum. I alt tolv lag stilte til start i stafetten som inneheld snøballkasting på blink, langrenn i 500 meter samt hopp og slalåm. Speidargjengen frå Alversund sytte for kakaoservering til alle medan politiapa frå Vennebyen delte ut flotte pokalar til deltakarane.

Det overordna målet for Nordhordland Skiklubb var som kjend å leggja til rette for eit fint arrangement og ei minneverdig helg der det sosiale og medmenneskelege skulle vere minst like viktig som kappestriden i løypene. Fleire av deltakarane uttrykte at dei opplevde dette både under det sportslege arrangementet og rundt dei veldekte borda på Leirskulen i Dyrkolbotn. Nordhordland Skiklubb kjem til arbeide for at desse verdiane vert ivareteken når ein skal utvikla arrangemenet vidare i åra som kjem.

Arrangementskomitéen takkar alle deltakarar og funksjonærar for stor innsats i samband med Lindåsmeisterskapen på ski !

Resultat laurdag

Resultat søndag

Les om LM i Strilen side 14  side 15 side 16 og side 17

Les om LM i nh side 22-24

Gåvepremiar trekt på startnummer laurdag:
Tursekk: Susanne Kvamme, Ann Kristin Legernes
Metabo verktøy: Bjørnar Stusdal, Claus Sellevoll
Vennebyen Luer: Filip Alver Sagstad, Emma Kvamme Kalnes
Stormkjøkken: Trond Austrheim
Tursett: Jo-Harald Færø, Elida Svellingen Svendsen
Teaterbilletter til Dyrehagen Hardanger :Mathias Sellevoll,Andrea Thorsheim, Gard Legernes, Martin Kvamme Kalnes, Jørgen Brundtland

Swix dunjakker: Oddny Kvamme og Børge Sellevoll

Gåvepremiar trekt på startnummer søndag :

Middag for 2 på Westland hotel : Trym Sæbø
Turbok : Ola Johannes Jordal, Ludvig Kvamme, Kenneth Alvær
CD :Frank Dyrkolbotn, Martin Kvamme Kalnes, Ragnhild Romarheim

 

 

09
mar
Claus Sellevoll

Det er no avgjort at Lindåsmeisterskapen på ski vert flytta til Gamlesætra. Planen var opphaveleg at LM skulle gjennomførast i Dyrkolbotn, men mildvér og regn gjorde det umogeleg. Men arrangementskomitéen lovar framfifrå løyper nedst i Romarheimsdalen. Løypemannskapet har arbeidd hardt i fleire dagar for å sikra så gode tilhøve som mogeleg. Det er kjørt opp ei 5 km lang rundløype inkludert 1 km på bøen til Gunnar Stusdal. All skiaktivitet i samband med meisterskapen går føre seg på Gamlesætra. Det øvrige programmet blir gjennomført som annonsert i Dyrkolbotn

06
mar

Nordhordland Skiklubb oppfordrar alle som har gamle ski eller utstyr dei vil låne ut , eller kvitte seg med, til å ta kontakt med Atle Austrheim. Han jobbar med ei ski-utstilling på Leirskulen i samband med Lindåsmeisterskapen 9. – 11. mars

Utstyr kan meldast inn til Atle innan 4. mars.

Kontaktperson: Atle Austrheim: tlf.: 99 15 94 99 , epost: atle@mestersalg.no

Alt gamalt ski-utstyr er av interesse ; frå treskia på tidleg 1900-talet , den gong nordmenn blei diska for ”doping” fordi dei tok ut gebisset før rennet. Juryen meinte at dei då fekk pusta inn meir luft og dermed fekk eit fysisk fortrinn.

ONLINE påmelding Lindåsmeisterskapen

Meir i nh 29 feb…