Knarvik IL melder at rennet på Hopsdal onsdag 19. januar er avlyst. Dette på grunn av vanskelige løypeforhold etter mykje regn og mildvêr dei siste dagane.
Men for konkurransesugne skiløparar kan vi opplyse om at Bjørn West IL inviterer til det første rennet i Telenorkarusellen i lysløypa på Haukeland i kveld. Rennet går i klassisk stil og er ope for alle klassar: Jenter, gutar,  junior, senior og veteran. Distanse for vaksne er respektive 5 km for kvinner og 10 km for menn.

Vi er hjarteleg velkomne om vi vil ta turen innover, skriv Bjørn West IL i ein e-post til Nordhordland Skiklubb.

Påmelding frå kl.:17.30

Start kl.:18.00

 Vel møtt !

Én kommentar til “Rennet på Hopsdal avlyst. Langrenn i Masfjorden”

  1. CS Says:

    Resultat Telenorkarusellen er lagt ut :

    http://www.nordhordlandskiklubb.no/archives/category/resultat

Legg igjen en kommentar