Søndag 23. januar 2011 vart første renn i Guldbrandsøy skicup 2011 arrangert. 55 deltakarar i alle aldrar stilte opp til start på Gamlesætra. Også vêrgudane var på arrangøren si side, og dei føste regndråpane kom ikkje før siste deltakar kryssa mållina. Med nyoppkøyrde løyper for både klassisk og fristil var løypeforholda svært gode. Det er framleis ein meter snø på Gamlesætra, så alt ligg til rette for gode løyper i lang tid framomver.
Me ønskjer både nye og gamle deltakarar velkomne til neste renn, som går søndag 6. februar. Om du gjekk glipp av første renn, er det med andre ord framleis fleire moglegheiter. Hugs òg at det vert pokal til alle som deltek i minst tre av fire renn. Dei to siste renna går 13. og 27 mars. På siste renn vert det avslutning med premieutdeling, grilling og skileik.

Vigleik Stusdal
Eikanger idrettslag, skigruppa

Guldbrandsøy_Skicup_Resultatliste_renn_1

Legg igjen en kommentar