Duka for Lindåsmeisterskapen på ski

DYRKOLBOTN 15.02:

Ei snau veke før Lindåsmeisterskapen på ski kan løypemannskapet i Knarvik IL  tilby flotte treningsforhold i Dyrkolbotn. Tirsdag var Reidar og Arvid i full sving med vedlikehaldet av traséen etter snøfallet  mandag . For dei som ynskjer å teste ski og form, er det berre å haste innover. Løypene blir preparerte dagleg fram til Lindåsmeisterskapen søndag.

LINDÅSMEISTERSKAPEN søndag 20. februar:

Idrett / Type: Ski-langrenn / Lindåsmeisterskapen open for alle !

Stad: Dyrkolbotn

Starttid: Kl 12:00

Varmestove/Kafe: Dyrkolbotn Fjellstove – leirskule og gjestehus tilbyr servering av varm tradisjonell norsk husmannskost under arrangementet.

Påmelding:  Nytt av året er Online påmelding innan fredag 18.feb. kl. 23:59 .                                                   ( Hugs fødselsår + idrettslag i kommentarfelt ! )  Etterpåmelding søndag mellom 11:00 -11:45 på rennkontoret, leirskulen.

Startlister LM

 Værvarsel for Dyrkolbotn 

 

Meir informasjon om arrangementet finn ein ved å klikke på

Invitasjon Lindåsmeisterskapen på ski 2011 

 

LM HISTORIKK:

  • I 1976 tok Ivar Os frå IL Alvidra initiativ til det første store skirennet i kommunen, Lindåsmeisterskapen på ski. Meisterskapet vart avvikla i Dyrkolbotn under blå himmel og godt skiføre.
  • Signhild Dyrkolbotn (Bjørn West) og Atle Fosse (Alvidra) blei dei første lindåsmeisterane i langrenn.
  • Lindåsmeisterskapen er blitt arrangert 33 gongar ( avlyst 1990 og 2002 ).
  • Omlag 1500 deltakarar er registrert  i perioden 1976 – 2010.

For statistikk klikk lenkja LM ADELSKALENDAR

2 tankar om “Duka for Lindåsmeisterskapen på ski”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *