Sterk Stusdal i «Grindåsen rundt»

Atle Austrheim måtte gje tapt for lagkamerat Bjørnar Stusdal då Fana langrenn arrangerte ”Grindåsen rundt” i klassisk fellesstart på Totland laurdag. Trass godt skiføre og flotte løyper gjorde våt nysnø iblanda hagl det utfordrande i smørjebua timen før start. Etter kvart som sola skein fram og kvikksølvet kraup oppover blei skispora innover Grindåsvegen til Frotveit relativt blankpolerte, og mange laut ty til klistertuben for å få feste under skia.

For fleire av deltakarane var dette aller siste testen før Birken. For Bjørnar derimot, det aller første skirennet etter Birken (!). Med relativt spinkelt treningsgrunnlag la han den 18 kilometer lange løypa bak seg på imponerande 1 time , 3 minutt og 15 sekund. Fleire habile langrennarar måtte sjå ryggtavla til ”Stusdalen” som sjølv kjempa ein hard kamp mot mjølkesyra dei siste kilometerane .

– Har omtrent ikkje hatt ski på beina sidan eg gjekk over fjellet frå Rena til Lillehammer for snart to år sidan, gliser 23-åringen etter ”comebacket”  i langrennsporet. Han vedgår at dette ga meirsmak og har planar om å stilla til start i Strilarennet om fjorten dagar.

Suveren vinnar av ”Grindåsen rundt” 2011 blei Brigt Strømmen på tida 52 minutt og 50 sekund.

 ResultatlisteGrindasenRundt2011

Ein tanke om “Sterk Stusdal i «Grindåsen rundt»”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *