Det andre rennet i lysløypekarusellen gjekk under fartsfylte forhold i Hopsdalen i går kveld. Det var skare, isklister og fantomglid i knallharde spor. Men alle kom velberga i mål og mange fekk personlege bestenoteringar.
Ein av dei som hadde det travelt i går var Erlend Kalnes frå Alvidra. Han senka persen sin frå første rennet med 50 sekund og gjekk 1km på tida 6,17. I 14 årsklassen gjekk Audun Ryland , Knarvik IL, 3,3 km nesten tre minutt raskare enn i det første lysløyperennet .
For seniorane gjekk rennet i fellesstart. Gisle Clementsen, Bjørnar Stusdal og Trond Austrheim kjempa i tet på første runden. Etterkvart måtte Gisle sleppa og duellen stod til slutt mellom Bjørnar og Trond. Bjørnar fekk ei lita luke på siste halvdel og heldt avstanden inn til mål. Espen Olsvik klinte til med ein god sluttspurt, og gjekk seg opp til ein fin 3.plass.
Resultat_Skikarusell_16_mars_2011
ARRANGØR: Knarvik IL
ARENA: Hopsdal
ALDERSGRENSE: 10 år og eldre.
STILART: Klassisk
Raskt og flott initiativ av Knarvik med lysløype renn på Onsdag. Jeg foreslår fellesstart. Gøy for utøverne og enkelt for arangørene. Og inn i tiden 🙂 Kanskje vi kan få en lokal Nortug duel om andre plassen.
Onsdag 16 mars er det 10 / 5 km klassisk langrenn i lysløypa. Start frå klokka 1800. Også klassar for barn og unge.
De er invitert til rennet
Støttar forslag om fellesstart !
http://www.nordhordland.no/sport/article5533538.ece