Claus Sellevoll sette eit sterkt punktum for skisesongen i Skarverennet lørdag. Han gjekk inn til totalt 31.plass.
Sellevoll, som stiller i klasse M36-40 brukte 2.01.15 på sine 38 km frå Finse til Ustaoset. Det heldt til 5.plass i klassen.
Såvidt slått av landslagsløpar
Sellevoll vart så vidt slått av landslagsløpar Martin Johnsrud Sundby (2.01.14) og Oddbjørn Hjelmeseth (2.01.11), som kom på dei to plassane framfor Alversund-løparen. Sellevoll gjekk lenge saman med den noverande og tidlegare landslagsløparen.
Fransk vinnar
Claus Sellevoll var 17 minutt bak vinnaren i Skarverennet, franskmannen Jean Marc Gaillard. Han var over 20 minutt bak løyperekorden.
Skarverennet gjekk i strålande ver, men løypeforholda var ikkje dei enklaste. Snømangel gjorde det ikkje lett verken for arrangøren eller løparane.
Frå Nordhordland skiklubb stilte også Jørgen Mørch, Steinar Mørch og Anne Mørch.
Steinar på 13.plass
Steinar kom inn på ein fin 13.plass i klasse 60-65 med tida 2.58.01, Jørgen (klasse 31-35) vart klokka inn til 2.58.30, og Anne (klasse 56-60) fullførte i fin stil på 3.33.57.
