TRENING

Hei folkens !

På mandag 1.august startar me opp treninga ( junior/senior)  framfor neste skisesong. Håper å sjå mange gamle og nye skivenner som vil satsa litt på langrenn neste sesong. Me får ta ein prat om korleis det passer med treningsopplegg for den enkelte før me bestemmer den endelege treningsplanen. Kom gjerne med kommentarer på nettet.

Frammøte : Knarvik ungdomsskule kl 19.30, PRESIS ! 🙂

Plan for denne økta er ein «langtur» i terrenget med litt tempoveksling. Ca 1,5 time.

A.A.

2 tankar om “TRENING”

  1. Ingen som har kommentert treningsopplegg for sesongen enda. Litt tidleg kanskje. På mandag var me 3 stk på trening, Rune, Trond og Atle. Hadde ein fin tur i terrenget.
    På torsdag (i dag) er det rulleski på Hjertås. Frammøte ved Frank Mohn kl 19.30.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *