På den første skitreninga til Alvidra i går kveld møtte det fem gutar. Gutane imponerte med stor iver og innsats. Me hadde først lett oppvarming med ballspel før me gjekk laus på sirkeltreninga med ulike styrke, spenst og balanseøvingar.

Ettekvart vil me også prøva å få til endå meir spesifikk barmarkstrening utandørs, mellom anna med skistavar og rollerblades.

Me ønskjer alle som kan tenkja seg å gå på ski velkommen, uansette kva ferdigheitar du måtte ha!

Treningar

Me trenar kvar tirsdag fra 18.30 – 19.30 i den vetle gymsalen på Alversund
skule.

Sjå vår heimeside alvidra.no

Legg igjen en kommentar