Rulleski i ruskaver

Ti deltakarar trossa årets regnbyge då dei fullførte det andre rennet i rulleskikarusellen som Eikanger IL arrangerte på Meland torsdag ettermiddag.

Deltakarane gjekk i same løype som sist med start på Holme – Fløksand -Brakstad -Melandsvegen og i mål på bakketoppen før nedkjøringa til Grasdal.

Knarvik IL arrangerer det tredje rennet i Rulleskikarusellen torsdag 13.oktober kl.18.00 i same løypa.

Ein tanke om “Rulleski i ruskaver”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *