Skitreninga til Alvidrarekruttane i går var fartfylt med masse leik og moro. Treninga fann stad på parkeringsplassen og i det opplyste området rundt Kyrkjelydhuset i Alversund. Dette var den andre treninga på rulleskøyter og det var ikkje vanskeleg å sjå at dei var blitt tryggare og betre i skøytedansen.
Etter teknikktrening og ulike øvelsar blei økta avslutta med ”hauk og due”. Her måtte instruktørane fleire gongar finna seg i å bli finta på feil fot av dei fotrappe skøytarane.
Førstkommande tirsdag samlast vi til ny fellestrening igjen, då innandørs med styrketrening og ballspel i den vetle gymsalen på Alversund Skule.
Skigruppa i Alvidra ynskjer nye deltakarar hjarteleg velkommen !
For meir info; klikk her