Rulleskirenn på Meland

Torsdag kveld blei det siste av dei i alt fire renna i rullskikarusellen arrangert. Den ca ni kilometer lange løypa gjekk som vanleg frå Holme og utover til Fløksand. Derfrå gjekk deltakarane innover mot Brakstad før dei tok oppover Melandsvegen med målgang på toppen, før nedkjøringa til Grasdal.

Regnvær og sterk vind gjorde sitt til at dei fleste fekk notert noko svakare tider enn for fjorten dagar sidan.

Reidar Ladehaug frå IL Alvidra vart trekt ut som heldig vinnar av eit gåvekort på kr. 1000,- frå G-Sport.

Dette var det siste av i alt fire rulleskirenn som blei arrangert i regi av Nordhordland Skiklubb.

Resultat rulleskikarusell 4

5 tankar om “Rulleskirenn på Meland”

  1. Vi vurderer å arrangere eit søndagsrenn fra Seim til Myksvoll (vending) og med målgang på toppen av Skare .

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *