Lys i mørket

Vi stilte mannsterke på gårsdagens fellestrening. Utrusta med hovudlykter, refleks og skistavar bar det rett til skogs. Økta starta frå Knarvik Stadion gjennom terrenget og ned til Gjervik kai. Der køyrde vi 3 x 4 min bakkeintervallar opp til Indregardsfjellet. Nokre av oss avslutta økta med 4×150 meter elghufs i Brekkeløypa, medan resten av gjengen sprang ned til øvre Isdal før dei peiste på med nye drag oppover og tilbake mot Knarvik Stadion.

Oppmøte som innsats; meget bra !

Ein tanke om “Lys i mørket”

  1. -Husk å lada lommeløkté te neste skogstur slek at me ikkje møsse nåken. Me e avhengig tå eit levande medlemstal…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *