Norgescup junior:
Hordaland Skikrets hadde sju deltakarar med i yngste juniorklasse i norgescupen på Lygna fredag. Gaute Kvåle frå Røldal var best av hordalendingane i klasse menn 17 år. Kvåle skøyta inn til ein knallsterk 2. plass i den ti kilometer lange løypa. Av strilane var det Øyvind Brakvatne Mjelde frå Osterøy som var best med ein 63. plass. Magnus–Johan Færø endte som nummer 121 medan Eirik Tvedt Aastvedt frå Osterøy vart nummer 137.
– Ikkje heilt etter forventningane, men eg slo i alle fall ein av to ostringar, flirer Magnus-Johan. Det var vel ein kombinasjon av ein dårlig dag og ikkje så bra form, men eg satsar på å gå betre på søndag og seinare i sesongen. Søndag går vi 10 km klassisk i ei tung og forhåpentleg god løype for min del. Ti kilometeren fredag gjekk i ein relativt flat trasé, seier Magnus-Johan som kombinerar vidaregåande utdanning og langrenn ved skigymnaset på Geilo.