Sjå videoen til Alvidra frå KM Parkstafetten
GOD INNSATS I HERRESÅSEN:
Herman Toppe Alvær, Andreas Nergård og Martin Engelsen Markussen kjempa godt i kamp med dei beste skiløparane i 10-årklassen under KM-stafetten på Voss i helga. Alle etappane i denne årsklassen gjekk i fristil.
Det andre gutelaget til Nordhordland Skiklubb hamna som venta eit stykkje bak dei beste. Dei var påmelde i 13-16 årsklassen og konkurrerte mot langt eldre deltakarar der maksgrensa var på 45 år . Erlend, Erland og Martin (11+11+13) utgjorde berre 35 år til saman.
– Det var gøy å gå stafett, har aldri gjort det før så eg skalv veldig før eg skulle starte. Men eg var veldig fornøyd med min etappe sjølv om eg var bak . Dei andre var jo større enn meg, seier Erlend Kvamme Kalnes (11) som gjekk første etappen for gutelaget i 13-16 årsklassen.
– Skummelt å gå min første stafett, men det var kjempegøy, seier storebror og ankermann, Martin Kvamme Kalnes (13).
– Det er utrulig kjekt å sjå Nh skiklubb representert blant alle laga. Dette gav meirsmak og vil vere positivt for rekrutteringa i tida framover, seier trenar Linda Kvamme.
– Ja, dette er lovande. På tirsdag har vi tenkt oss til Gamlesætra for å trena klassisk. Fanarennet ventar førstkomande søndag og med nokon gode treningsøkter framover vert dette bra, seier Frode Nergård frå skigruppa i Alvidra.
KNALL OG FALL:
Bjørnar Stusdal veksla med Atle Austrheim som etter sine åtte kilometer sende Kenneth Alvær ut på den avsluttande tredje etappen . Alvær gjekk laget opp eit par plassar og kom i mål til ein brukbar femte plass, men heile 3 minutt og 40 sekund etter kretsmeisterane frå Samnanger IL.
Nh Skiklubb sitt andrelag med Trond Austrheim, Sigve Eldøy og Claus Sellevoll endte nest sist i mål. Berre tre vaksdølar hadde mindre hastverk i løypa denne søndagen, men karane hang ikkje med hovuda av den grunn.
– Me rakk i alle fall kaféen, hevda ein av dei.