Sjusete viste seg frå si aller beste side denne søndagen med eit eventyrføre; nokre minusgrader, sol frå klar himmel, nysnø og ei perfekt preparert løype. Draumedag for dei som elskar ski og mjølkesyre.
Nordhordland Skiklubb hadde med tre unge og lovande skiløparar i dei aldersbestemte klassane. Og Andreas Nergård (1 km), Martin Engelsen Markussen (1 km) og Erlend Kvamme Kalnes (2 km) gjekk alle fort på Sjusete søndag. Trass lite trening på snø viste dei stor framgang berre frå forrige helg. – dette er gøyt og det gjekk fort. Det begynner å bli gøy med klassisk, men eg likar fortsatt best å skøyte, seier Erlend som vi ser i flott diagonalgang på biletet her.
I seniorklassen vart det ein skikkeleg kamp mellom bymann og stril i Fanarennet søndag 22. januar. Rennet var i klassisk stil med fellesstart og var flytta frå Totland til Sjusete i Øystese/Nordheimsund. Løparane gjekk to 5 km. sløyfer i ei krevjande løype. Claus Sellevoll gjekk litt roleg ut og måtte tetta ei luke til teten etter nokre km. Men opp bakkane mot passering fem kilometer var han på høgde med teten. I den siste bakken før målområdet rykka Claus frå og gjekk i mål 20 sekund føre andremann. Vi gratulerer Claus med førsteplassen!
Nordhordland skiklubb var elles representerte med fleire løparar. Jo-Harald Færø kom i mål til ein 8.plass, 53 sekunder føre Bjørnar Stusdal som vart nummer 11. Bak dei kjempa brørne Austrheim ein hard kamp seg imellom. Trond var revansjesugen etter knall og fall i Herresåsen førre helg og viste til sist storebroren ryggen. I går spurtslo han Atle med 2 sekund.
For dei som ikkje hadde det like travalt kunne ein nyta trær med opp til halvmeteren med snø på og utsikt til Hardangerfjorden og Folgefonna frå øvste del av anlegget. Garden til mannen som preparerer løypene ligg like ved anlegget og er avbilda på Tine mjølk sine kartongar for tida.
Tekst: Rune Minde, Nh Skiklubb