Kuldegrader og snøtunge trær ga både unge og vaksne ein perfekt skidag då Eikanger IL arrangerte det første rennet i skicupen søndag.
– Me vart litt forsinka på grunn av etterpåmelding, men me kan ikkje godt jaga folk heimatt. Me lyt ta da so da kjem, seier rennleiar Gunnar Stusdal som alt i alt er godt nøgd med avviklinga av skirennet.
– Flott arrangement i supert vær, seier Øyvind Seljelid i ein kommentar på Nordhordland Skiklubb sine heimesider. Og det var i det heile tatt mange nøgde skiløparar i løypene søndag.

Kristan H. Asheim (184) frå Bjørn West skøyta 1,5 km på sterke sju minutt og femtifire sekund.

To år gamle Nathaniel Kittang (124) frå Knarvik IL gjekk 500 meter utan tid – og utan hanskar (!)

 

 

 

Resultat Skicup 22.januar 2012

Resultat Skicup 05 februar 2012

Resultat Skicup 19.02.12

«Herman og Kristian i hard duell……«

Det neste rennet vert arrangert første søndag i februar. Det er påmelding kl. 11.45 – 12.45 på alle renna.
Renn 2: 05.02.12
Renn 3: 19.02.12
Renn 4: 18.03.12
Mrk. Siste renn blir det også skileik og grilling!

 

Legg igjen en kommentar