Nordhordland Skiklubb lukkast ikkje å koma til mål i NM stafetten på Voss søndag. Bjørnar Stusdal som vart kasta ut på første etappen hadde ein tung dag i løypa og sende Claus Sellevoll ut på andre etappen nesten ti minutt etter teten.
Claus Sellevoll skimta Byåsen halsande bak alt ved vekslinga og skjønte kjapt at dette ikkje ville bli ein sjarmøretappe. Og ganske riktig; etter omlag atten kilometer var stafetten over for Nordhordland Skiklubb. I unnarennet etter siste langbakken kom nemleg Byåsen skøytane opp på sida av Sellevoll som fortsatt gjekk rundt og baksa i klassisk stil. Nordhordland Skiklubb blei dermed brutalt vinka ut av arrangøren, slik FIS-reglane seier når eit lag blir teken att med ein runde.
Gamlefar sjølv, Kenneth Alvær som skulle gå ankeretappen slapp dermed gå ut or bilen og var komen lika til Bulken då Byåsen gjekk over mål til NM-gull. Trøysta for Kenneth og dei to hine langrennarane får vera at det etter kvart vart fleire lag som leid same skjebne. Men moro , ja det var det – så lenge det varte ! 
Avisa Strilen var til stades på Voss og dokumenterte den lokale skiskandalen over to sider. (Klikk på lenkjer under)