Fire plussgrader, sol frå klar himmel og hardpakka asfalt er status då vi spenner på oss rulleskia i Støa. Ryggsekkar er fylt med saftdrikke, mat og eit aldri så lite lager av rulleskipiggar. Alt er klart. Vi er i gang på jomfruturen vår, Nordhordland rundt på rulleski, 84 km i klassisk stil.

Allereie i Alverstraumen piplar sveitten salt frå panna og vi kjenner vi kunne hatt færre plagg på oss. Det er lite trafikk og vi går to i breidda og lauspratar før Oddvar plutseleg tilstår at han eigentleg hadde tenkt å gå denne turen åleine , ja for å kunne smykke seg med tittelen ”den første ”. Eg erkjenner at eg hadde ein sterk mistanke om denne halvegoistiske planen hans, og at det var derfor eg i rein panikk sendte han den sjenerøse sms-invitasjonen igår, med spørsmål om han ville vere med meg. Samtalen stoppar der. Første rulleskipigg ryk og fokuset er næraste autovern . Vi stappar skistaven inn i eit lite hål i gjerdet og riv av den defekte piggen. Seinare konstaterer vi at turen kostar oss fire piggar, og vitsar om at det truleg er fleire enn ei årleg lagerbehaldning til ein gjennomsnittleg sportshandlar i Bergen.

I Mastrevikane er energilageret redusert med snaue 2000 kaloriar og vi innvilgar oss derfor ein ståande buffé. Klokka er 11.45 , 2 timar og 35 minutt er unnagjort og vi er omtrent halvvegs . Lett medvind hjelper oss vidare forbi Fonnes der vi vekslar mellom staking og dobbelttak med fråspark. Pulsen ligg på rundt 130 og vi slår fast at vi er i den rette sona for optimal langdistansetrening.

Tungtrafikken kjem imot oss. Vi skimtar skiltet ”Knarvik 38 km ”, og konstaterer at vi er på veg ut av Austrheim kommune. På Lindås langar vi innpå siste restane av sjokolade og saftdrikke . Kjapp hovudrekning fører oss fram til at vi har halvannen time igjen av turen.

Det brenn i låra. Det er slitsamt å sitje i hocke . Klokka er 14.35 og ein brå slutt på fortauet tvingar oss ut i biltrafikken etter rundkøyringa på Isdal . Ein bilist er usedvanleg nærgåande og i ei blanding av irritasjon og nødmanøver for å unngå autovernet, let eg eine skistaven smelle inn i spegelen hans. – Takk for oppmerksomheten !  Vel nede svingar vi inn på parkeringsplassen lettare utmatta. Vi er slitne, men gleda over ein praktfull rulleskitur rundt Nordhordland i strålande haustvær overskyggar det meste. Dei 84 kilometerane er tilbakelagt på 5 timar og 36 minuttar inkludert pausar.

Vi konkluderar med at den første turen er over, den siste ikkje påbegynt.

2 kommentarer til “Nordhordland rundt på rulleski”

  1. Atle Says:

    Gratulera ! Spreke karar !
    Har sjølv tenkt på denne turen i fleire år , men aldri hatt nok «guts» til å gjennomføra den. Minner om trening torsdag på rulleski i Knarvik, 19.30.

  2. Helge Brandsdal Says:

    Imponerande tur karar. Denne turen vil nok vera god å ha i kroppen når vasaloppet skal gjennomførast Claus.
    So dei har hålker i sportsbutikkane på Vestlandet. Ikkje lett å få tak i på Åsane senter ihvfall.

Legg igjen en kommentar