Tekst: Rune Minde , Foto: Linda Kvamme
Nordhordland skiklubb gratulerer dei to løparane som deltok under KM – klassisk i Ulvik lørdag 11. Februar. Claus slo til og blei kretsmeister i klasse 36 – 40 og Bjørnar Stusdal tok ein fin tredjeplass I klasse menn senior.
Mest imponerande var nok tida til Claus. Han la bak seg dei 10 km. i snødrevet på imponerande 30,13, den tredje beste tida uansett klasse. Han var berre vel eit minutt etter nr. ein og to, Nils Magnus Bøen Grave og Vebjørn Turtveit. Begge desse er unge lovande løparar på nasjonalt topp-plan. Nivået i toppen innan langrenn er i dag svært høgt og både Claus og Bjørnar har all grunn til å vera nøgde med prestasjonane, noko dei og er, ifølge rapportane.
Claus møtte og på gamle kjenningar langs løypa:
– Det er snart tjue år sidan sist eg gjekk skirenn her på Drevtjørn i Ulvik og då var det jo ekstra morsomt at min dåverande trenar, i dag lærar og trenar for skigymnaset på Voss, stod på same sekunderingsposten som i 1993 og gaulte meldingar til meg”.
Bjørnar Stusdal fekk og vesentleg større fart på skiene enn under NM stafetten for fjorten dagar sidan:
– Er i grunn fornøgd med rennet sjølv om eg enno ikkje heldt farten heilt inn.
Under er resultatliste TOPP 5 på 10 kilometeren:
1. Nils Magnus Bøen Grave, IL Korlevoll – Odda 28:55
2. Vebjørn Turtveit , Voss IL/ Vossalangrenn 29:04
3. Claus Sellevoll, Nordhordland Skiklubb 30:13
4. Einar Trefall, Eskingedalen Modalen 30:27
5. Nikolai Hanevik , Bulken IL 30:49
—
25. Bjørnar Stusdal, Nordhordland Skiklubb 35:01
Det var i alt 256 deltakarar med i KM langrenn klassiske distansar.
Vi kjem tilbake med rapport frå søndagens renn seinare !