Det var lettskya, godt skiføre og flott vintervær då andre dag av KM i fristil vart skipa til i Ulvik søndag. Brødrene Erlend K Kalnes (11) og Martin K. Kalnes (13) gjekk kjempegode skirenn. Fleire av dei yngste klassane hadde over 30 deltakarar så det mangla ikkje på konkurrentar. Begge var strålande fornøgd med eigen innsats og synes at både teknikk og kondis har blitt mykje betre sidan starten av skisesongen. Sjølv om vossingane har eit forsprang enno, veit både Martin og Erlend kva som skal til for å redusera forspranget.
– Meir trening og fleire skiturar, men eg er kjempefornøgd med løpet mitt eg , seier Erlend. -Ja, eg óg , seier Martin
Erlend som går i 11-årsklassen gjekk 2,5 km og skøyta inn til 24.plass i sin klasse på tida 10.34 . Martin går i 13- årsklassen og gjekk 3,5 km på tida 14,08 og kom inn til 17.plass.
Martin Kvamme Kalnes kunne også lesa framgangen sin svart på kvitt. Martin gjekk nemleg 3 kilometeren i Hopsdalen på rundt femten minuttar i skikarusellen onsdag, mens han søndag skøyta 3,5 km på 14 minuttar i Ulvik. Når ein legg til at det var eit tråare føre og ei endå meir krevjande skiløype i Ulvik, er det all grunn til la seg imponera av framgangen og innsatsen til Martin søndag.
Med seg i Ulvik hadde gutane også ein god heiagjeng og eit godt støtteapparat i mamma Linda, vetlesøster Emma og bestmor Oddny og bestefar Ludvig Kvamme.
Bjørnar og Claus utgjorde dei to siste i Nh Skiklubb-kvartetten. Dei gjekk 15 km i friteknikk og gjekk begge svært gode skøyterenn. Bjørnar var skikkeleg tent før start og syntes han gjekk eit langt betre skirenn søndag enn på klassisken dagen før. Bjørnar kom i mål på tida 50.25 og fekk med det ein 4 . plass i klasse Menn senior. Claus Sellevoll blei klokka inn på tida 43,32 og vart også søndag kretsmester i klasse 36-40 . Tida til Sellevoll held også til nest beste tid og KM-Sølv mellom seniorane frå 21 år og eldre.
Magnus Johan Færø frå Eikanger IL gjekk også 15 km friteknikk og skøyta inn til KM sølv i klasse M-17 år. Magnus Johan kom i mål på tida 48.23.
MENN SENIOR (21 år og eldre )
1. Nils Magnus Bøen Grave, IL Korlevoll – Odda 41:35
2. Claus Sellevoll , Nordhordland Skiklubb 43:32
3. Odd Ivar Medhus, Røldal IL
44:14
——-
7. Bjørnar Stusdal Nordhordland Skiklubb 50:25
