Andreas Nergård (til venstre på bildet) frå Nordhordland Skiklubb var i Herresåsen og gjekk Viljarrennet laurdag. I dei flotte løypene skøyta Andreas ein-kilometeren på 6 minutt. Andreas går i 10 årsklassen og det er ingen rangering i den klassen. Skiklubben sine speidarar obeserverte at skøyteteknikken stadig blir betre. Me gratulerar Andreas med flott gjennomført skirenn !
Nordhordland Skiklubb hadde også tre vaksne med under tevlinga på Voss laurdag; ein halvgamal, ein hauggamal og ein i midten av dei knallharde tjue-åra. Førstnemnde, Claus Sellevoll var raskast av våre og vann seniorklassen. Rennet som gjekk i NM-løypene vart arrangert i fristil og Claus skøyta dei ti kilometerane på 24 minutt og 17 sekund. Han var med det eitt minutt og trettifem sekund framfor andremann. Lagkameratane Bjørnar Stusdal og Knut Langeland vart høvesvis nummer sju og ti i same klassen som talde 12 deltakarar.