Nordhordland Skiklubb og Claus Sellevoll er begge tildelt idrettsstipend frå Lindås Idrettsråd for 2012. Stipenda vart delt ut i samband med opninga av Lindåshallen onsdag 21. mars. Både Claus Sellevoll og Atle Austrheim som mottok stipendet på vegne av skiklubben var tilstades under prisutdelinga.
Det første stipendet på kr 5 000,- gjekk til skiklubben for sin innsats i arbeidet for auka aktivitet, attraktivitet og for styrkjing av medlemsmassen, ikkje berre innanfor eiga idrettsgrein i regionen Nordhordland, men også for idretten generelt. Vidare heiter det : Medlemmene blir i denne klubben ikkje målt på resultat men på det å ha det moro. Dei vert følgt opp på individuell framgang og utvikling ut frå eigen ståstad. Trivsel i klubbsamværet er fundamentet der filosofien er at resultat kjem automatisk når dei nemnte tinga blir ivaretatt og fulgt opp av dei dyktige og engasjerte leiarane og trenarane som denne klubben har. Stipendmottakeren som trivs best i minusgrader på vinterføre er nytenkjande og framtidsretta, søker samarbeid som får positive ringverknader, ikkje berre for eige idrettslag, men for alle impliserte partar.
Claus Sellevoll fekk det andre stipendet for sitt lagsarbeid med særleg engasjement for skiidretten i Nordhordland både gjennom sitt arbeid som leiar og som idrettsutøvar. I grunngjevinga heiter det at han er opptatt av rekruttering og er eit stort føredøme for dei yngre løparne.
Det er første gong skisporten er tildelt idrettstipend frå Lindås kommune.
Formålet med Lindås Idrettsråd sitt idrettsstipend er å stimulera mottakaren til vidareutvikling og utdanning innan idrett og aktivitetar relatert til idrettsleg fysisk og psykisk fostring.