Nordhordland Skiklubb sin trio Andreas Nergård, Erlend Kvamme Kalnes og Herman Alvær slo til og vann bronsemedalje i Ørnarstafetten. Dei tre gutane som går i gutar 8 – 10 år gjekk nærmast over evne då skisesongen vart avslutta med stafett i Myrkdalen sundag.
Andreas Nergård gjekk ein meget god 1. etappe og Nordhordland Skiklubb veksla som lag nummer 10 etter første etappe. På den andre etappen gjekk Erlend som eit villdyr og distanserte heile sju lag før han sende ankermann Herman Alvær ut på sjarmøretappen. Herman forsvarte seg mot all motstand bakfrå og skøyta inn til ein svært sterk 3. plass. I målområdet jubla dei to lagkameratane som var raskt borte for å gratulere Herman med innsatsen. Gutar 8-10 år gjekk 3 x 1 km i fristil og klassen talde 17 lag så prestasjonen til dei tre skiløparane talar for seg sjølv.
Også i klasse gutar 11-12 år stilte Nordhordland Skiklubb med eitt lag. Dei gjekk 3 x 2 km der 1 .etappe gjekk i klassisk stil medan 2. og 3. etappe held fram i fristil. Knut Eirik Kolstad gjekk ein sterk opningsetappe og låg ei stund heilt oppe på 4.plass før han mista eine staven og måtte sjå fleire lag passere seg før første veksling. Men det var ei fryd å sjå Knut Eirik forsere motbakkane i diagonalgang. Med eit kraftig fråspark og god tyngdeoverføring var det som å sjå Harald Grønningen i glansdagane.
Knut Eirik ga Martin Kvamme Kalnes klappet på skuldra og Martin fauk sine to kilometer så «slush´n» spruta rundt han. Med sitt beste skøyterenn for året på sin 2. etappe kunne Martin senda Jonas Dalland ut på sisteetappen tett fulgt av ei klynge løparar hakk i hæl. I den siste tunge motebakken brukte Jonas kjempekreftene sine og på flatane inn mot mål var gjengen bak han borte som dogg for sola. Jonas sikra dermed 8. plassen for Nordhordland Skiklubb. Ein sterk prestasjon også av den eldste trioen vår som gjekk i ein klasse med 16 lag til start.
Etter premieutdelinga i Åmotslia reiste stafettheltane, foreldre og lagleiarar frå skiklubben ned på Peppes Pizza på Vossevangen for å feira den strålande skidagen i Myrkdalen.
Kjempebra gutter 🙂
Ja;) det var veldig gøy stafett!
Vi var kanon gode 🙂
Gleder meg til neste gang !!!
Det er kjempemoro å se at dere presterer så bra, stå på , det kan bli mer gøy i årene som kommer. Det er mange som er stolt av dere.
Fantastisk bra !!! Gratulerer alle saman !
Det var kjempe gøyt å gå stafett med laget mitt!!!
Det var en bra avslutning for ski renn 😀
Herman Alvær – Fremtidig OL vinner;)
Демо-версии большинства слотов Вавада запускаются без регистрации — механику можно изучить до первой реальной ставки. Отчёты независимых аудиторов iTech Labs и eCOGRA публикуются в открытом доступе с ежеквартальным обновлением показателей. Ознакомиться с разделом можно здесь: https://indodarts.com Такая грамотность в работе с сетевым слоем расширяет доступность площадки в регионах с жёсткой фильтрацией трафика.