Skiklubben avslutta sesongen med fest

Nordhordland Skiklubb feira sesongavslutning for sine medlemmar i Nordhordlandshallen i går kveld. Under oppsumeringa av skisesongen 2012  vart rekrutteringa framheva som det store lyspunktet for klubben.

– Det viser berre korleis tilbod genererer aktivitet og korleis aktivitet skapar trivsel og meistring. Resultata til dei to stafettlaga våre i Ørnarstafetten er eit godt døme på at det går an å gå fort på ski sjølv om snøforholda her på strilelandet ikkje er all verden å skryte av, sa leiar Claus Sellevoll.

Medlemmane  fekk også sjå videosnuttar frå fleire av kretsrenna dei hadde delteke i. Dei yngre skiløparane fekk utdelt diplomer for flott innsats både på trening og i skirenn, og kvelden blei feira med pizza og brus frå Pizza Planet i Knarvik.

Les Strilen og Nordhordland

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *