Sunde suveren i rulleskikarusellen

Sindre Sunde (24) frå Førde var heilt suveren då skigruppa til Eikanger IL skipa til det andre rennet i rulleskikarusellen på Meland torsdag. Førdianaren som var i Noregstoppen i langrenn som junior, viste at han ikkje hadde gløymd gamle kunstar. Sunde starta nest sist, men henta den eine løparen etter den andre og kryssa målstreken først på tida 26 minutt og 52 sekund.

Også Frank Dyrkolbotn (bildet under ) kunne seia seg godt nøgd etter å ha fullført sitt aller første rulleskirenn. Vel 35 minutt på 9 kilometer er relativ sterkt med tanke på at han berre har hatt rulleski på beina ein gong tidlegare.

RESULTAT

MENN SENIOR 9 KM

Sindre Sunde, Førde IL  26.52

Bjørnar  Stusdal, Eikanger IL  28.19

Atle Austrheim, Eikanger IL 31.29

Trond Austrheim, Eikanger IL 31.41

Inge Hatlebrekke, Bergen kommune 31.44

Kenneth Alvær, IL Alvidra 31.44

Frank Dyrkolbotn, Eikanger IL 35.28

 

 

2 tankar om “Sunde suveren i rulleskikarusellen”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *