Tøff avslutning på rulleskikarusellen

Fellesstart

Det siste rennet i rulleskikarusellen blei avslutta med fellestart. Det var tørre vegar, men kraftig vind frå søraust gjorde sitt til at deltakarane fekk ein stabasiøs tur innover gamlevegen mot Brakstad, og vidare oppover Melandsvegen. Nokre av vindkastene var så kraftige at løparane måtte kjempa for å i det heile tatt koma seg fram. Sluttidene blei derfor noko svakare enn tidlegare i haust. Claus Sellevoll kryssa målstreken først, medan førdianaren, Sindre Sunde tok ein klar andre plass.

Vann duellen – tapte veddemålet

Etter det første rulleskirennet sa ein tydeleg skuffa Vidar Åsgård, at han aldri ville klara å gå raskare enn Steinar Mørch i rulleskikarusellen. Steinar trøysta Vidar med at det kom til å skje allereie denne hausten med litt meir rulleskitrening. Diskusjonen endte opp med at Steinar utfordra Vidar til å bake ei kake til han om spådommen gjekk inn.

Då alle var komen vel i mål kunne Vidar med sin personlege rekord på 29.35 frå forrige renn, skøyta bortover parkeringsplassen med ei forlokkande trofekake i armane. Den blei høgtidleg tildelt den tapande duellanten. Steinar Mørch med personleg bestenotering på 31.54 frå 2011, tok villig i mot kaka før han i hu og hast køyrde heimover, medan resten av deltakarane stod svoltne att.

RESULTAT RULLESKI-KARUSELLEN  , RENN 4

Dato: Arrangør:  Tid Klasse
01.nov.12 Knarvik IL  Mål Menn senior
Claus Sellevoll IL Alvidra 27.14  1
Sindre Sunde Førde IL 28.48  2
Bjørnar Stusdal Eikanger IL 30.28  3
Jonny Totlandsdal Eikanger IL 32,25  4
Atle Austrheim Eikanger IL 34.12  5
Vidar Åsgård Eikanger IL 34.40  6
Sigve Eldøy Kvernbit 36.02  7
Tommy Hildeskor Leikanger IL 38.41  8
Inge Hatlebrekke Bergen Kommune 38.55  9
Reidar Ladehaug IL Alvidra    –  DNF

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *