Foto: Morten Sæle Tekst: Atle Austrheim
13 deltakarar stilte opp på historiens første turrenn på rulleski. Løypa var på 25 km , Moldekleiv-Odland-Moldekleiv x2. Det var klasse for fristil og klassisk.
To løparar skilte seg klart ut i fristilklassen, vår eigen Claus Sellevoll(startnr.199) og Sindre Sunde (startnr.200) frå Førde IL. Dei fylgde kvarandre gjennom heile løpet til det stod att nokre hundre meter. Då måtte Claus sjå at Sindre hadde litt meir krefter igjen og slo han med nokre sekund. Bak desse to kom Bjørnar som og gjorde eit solid løp, deretter Jonny og Vidar, årets kometer, som igjen viste at dei beherskar rulleski.
Og for ikkje å gløyma «gamlingen» Rune Minde ( startnr. 197 )som viser stigande form.
Blant dei som gjekk klassisk tok Brigt Strømmen frå Fana IL ein klar siger. Han vart fylgd av Trond Austrheim eit stykkje utover mot Odland, men måtte gje seg. Det vart då ein trio beståande av Trond Austrhein, Inge Hatlebrekke og Atle Austrheim. Ved vending 1. runde slapp Trond litt, medan Inge og Atle gjekk saman heile vegen til mål, mens Trond aldri klarte å ta dei inn att. Deretter fylgde Magne Fostervold og Reidar Ladehaug som og fullførte med stil.
Alle var einige om at det var eit flott tiltak med turrenn på rulleski, så det satsar me på å få til neste år og.
Resultat langløp på rulleski 04.11.12
| FRISTIL | |||
| Navn | Klubb | Mellomtid | Slutt tid |
| Sindre Sunde | Førde | 29,31 | 1.00,35 |
| Claus Sellevoll | Alvidra | 29,30 | 1.00,43 |
| Bjørnar Stusdal | Eikanger | 31,14 | 1.04,27 |
| Jonny Totlandsdal | Eikanger | 33,31 | 1.07,40 |
| Vidar Aasgård | Eikanger | 33,30 | 1.07,55 |
| Rune Minde | Kvernbit | 33,30 | 1.09,48 |
| Kenneth Alver | Alvidra | 38,55 | DNF |
| KLASSISK | |||
| Brigt Strømmen | Fana | 35,10 | 1.12,30 |
| Inge Hatlebrekke | Bergen Kommune | 37,00 | 1.15,10 |
| Atle Austrheim | Eikanger | 37,01 | 1.15,10 |
| Trond Austrheim | Kvernbit | 37,00 | 1.16,03 |
| Magne Fostervold | Knarvik | 44,45 | 1,33.23 |
| Reidar Ladehaug | Alvidra | 48,10 | 1.39,53 |
Takk for godt tiltak til rennleder Atle Buffen Austrheim.Fantastisk flott løypetrase.
Takk for det Vidar 🙂 Har etterkvart ei god samling buffar ja, vanskeleg å velja ut den rette 😉
Fin dag, fin trasé, flott asfalt! Sjølv tok eg ansvar og plasserte meg heilt nederst på resultatlista, trengs stødige folk der nede… Det lever eg svært så godt med, det viktige er at det er kjekt, -og sosialt! Fint å få prøve ut nye ruter.
Hei
Eg har meldt overgang til Kvernbit ski til sesongen 2012/2013.
Kjempebra tiltak Atle.tror ikke det er mulig å finne en bedre trase enn denne og neste år må vi få andre skiløpere til å kjenne sin besøkelsestid.
Dette løpet vil bli husket lenge.