Sindre Sunde ( til høgre i bildet ) har meldt overgang til Nordhordland Skiklubb frå moderklubben Førde IL
Sindre Sunde (født 1988) som studerer i Bergen, var ein av dei mest lovande skiløparane i landet i junioralder, men på grunn av sjukdom vart han tvinga til å legga opp då han var 17 år gamal.
– Sindre var med i Hovudlandsrennet (NM for dei under 17) og Ungdommens Holmenkollrenn (NM for dei under 15). Han har fleire topp 10–plasseringar. Den beste plassringa hans er vel ein 5. plass frå hovudlandsrennet og ein 4. plass frå Ungdommens Holmenkollrenn. Sindre hadde mange nappetak med både Tarjei Bø og Sjur Røthe i langrennsporet, og slo dei opp til fleire gongar, seier Claus Sellevoll.
Sindre sine testar viser at han no er på veg tilbake, og at han kan gjera det skarpt til vinteren. Han var berre fem sekund bak André Haugsbø frå Team United Bakeries (nummer 8 i Vasaloppet i 2011) i motbakkeløpet Hafstadfjellet Opp tidlegare i haust.
– Nordhordland Skiklubb er veldig glade for å ha knytt til oss ein slik kapasitet . Me er temmeleg sikre på at han vil vera til stor inspirasjon for dei aller yngste skiløparane våre, seier Sellevoll.
Me ynskjer Sindre hjarteleg velkomen og håpar han vil trivast i Nordhordland Skiklubb!
Kjempekjekt at han vil gå for oss. Kanskje vi no klarar å fullføra ein NM stafett 🙂
Ja, da bør gå bra hvis Bjørnar går første etappe ?
Eg skal i alle fall ha på meg Finlandshetta denne gongen !