Atle & co vann Brekkesprinten

Trass i lite snø var det godt skiføre då dei seks frammøtte gjekk årets første skirenn i Brekkeløypa mandag kveld. Dei to laga som stilte til start i mix-stafetten over 3 x 1,7 km, fulgte kvarandre tett fram til det stod att fem hundre meter av rennet.

Ringrevane Inge Hatlebrekke og Atle Austrheim, som begge har over hundre kilometer på langrennski denne vinteren, var godt nøgde med både gjennomkjøringa og mix-stafetten. Særleg Atle fekk vist at investeringa i personleg trenar og uttallege timar framføre speglane i «kjøttbua» på Studio Nor, ikkje har vore forgjeves.

Dersom vêr og føre held seg vert det ny skitrening og tevling i same løypa førstkomande torsdag. Vel møtt !

RESULTAT BREKKESPRINTEN – MIX STAFETT  , 3 x 1,7 km i   klassisk stil

Utøvere

Etappetider

Resultat

1. etappe

2. etappe

3. etappe

Tid totalt

Plass

Torbjørn Aamli

6.27

16.37          1
Atle Austrheim

5.35

Claus Sellevoll

4.35

Utøvere

Etappetider

Resultat

1. etappe

2. etappe

3. etappe

Tid totalt

Plass

Espen Aakre

6.17

17.00        2
Inge Hatlebrekke

5.25

Trond Austrheim

5.18

Ein tanke om “Atle & co vann Brekkesprinten”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *