Magnus-Johan sterk i Skandinavisk Cup

Skandinavisk cup :
138 juniorar stilte til start i Skandinavisk Cup på Sjusjøen fredag då 10 km friteknikk stod på programmet. Magnus–Johan Færø gjekk eit meget godt skirenn og kom i mål på tida 29.01,  snaue fire minutt bak vinnaren, Morten Teksnes frå Innstrandens IL.

Av strilane var ostringen Øyvind Brakvatne Mjelde best med sin 101. plass. Mjelde var førti sekund føre Magnus-Johan som endte på 109.plass.

Vossingen Vebjørn Turtveit var best av hordalendingane. Han kom i mål på tida 25.32 som held til femte plass.

Søndag stilte Magnus-Johan til start mellom 184 juniorar då dei skulle måle krefter på den klassiske distansen. Men Magnus-Johan kom dårleg ut og omtalar den 15 km lange fellestarten som ein vits av eit skirenn.

– Trange løyper gjorde at første runden blei heilt kaos, men det løyste seg litt opp på den andre runden. Ingen veldig god dag for min del, men eg gjekk meg opp 33 plassar frå startposisjon og kom i mål til 123.plass.

Også søndag var vossaekspressen Vebjørn Turtveit best av hordalendingane med ein 10.plass, berre 14 sekund bak Bjørn Vidar Suhr frå Alta som vann rennet på tida 39.59.8.

Øyvind Brakvatne Mjelde frå Osterøy IL gjekk i mål til 99. plass på tida 44.47,9, medan Magnus Johan la dei 15 kilometerane bak seg på 46.20,6.

 

RESULTAT 10 km Fristil

RESULTAT 15 km Klassisk

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *