Norgescup junior :
Om lag 125 skiløparar stilte til start i klasse menn 18 år, då norgescupen i junior-langrenn gjekk av stabelen i Steinkjer i helga. Distansane var 10 km i fristil fredag og 10 km i klassisk stil sundag. Magnus–Johan Færø frå Nordhordland Skiklubb leverte sine alle beste skirenn nokon sinne. Tida 24,29 på skøytinga fredagen held til 73. plass, medan 26.43 på klassiskrennet sundag ga Magnus Johan ein flott 66.plass. Magnus-Johan var vel 3 minutt bak vinnarene begge dagane.
– Eg er veldig fornøgd med begge distanseløpa. Dette er det beste eg har gjort i norgescupen, men samtidig så kjenner eg meg ikkje i kjempeform og håpar derfor å klatra på listene seinare i vinter. Skøyting er normalt min beste stilart, men eg avslutta veldig bra på klassiskrennet og tok mange plassar på dei siste par kilometerane. Det gjer meg optimistisk med tanke på resten av sesongen.
Også ostringen Øyvind Brakvatne Mjelde beit godt i frå seg, og kom i mål til ein svært sterk 36.plass sundag. Mjelde la ti-kilometeren bak seg på 25 minutt og 42 sekund , 1 minutt og 1 sekund raskare enn Magnus-Johan Færø.
Men aller kjappast av hordalendingane var røldølen, Gaute Kvåle. Han fossa rundt dei to 10 kilometerane på høvesvis 21,51 og 24.01 . Med dette var han om lag halvminuttet bak vinnarene begge dagar, noko som ga han to 4. plassar og viktige poeng i totalcupen.