KM-gull i Parkstafetten

Strålande sol, 15 kuldegrader og skyfri himmel var det som venta skifolket, då Voss IL inviterte til krinsmeisterskap i langrenn i Herresåsen sundag. Og med nær 100 lag påmelde, vart det ein folkefest, både for liten og stor. Det var relativt greie smørjeforhold, sjølv om klassiskløparane måtte ty til isklister og fleire lag grøn og blå voks under skiene, på grunn av den store slitasjen i dei skarpe snøkrystallane.

Gutar 11- 12 år  3 x 2 km stafett ( K-F-F)

I gutar 11-12 år stilte skiklubben med to jamngode lag som fulgte kvarandre tett på dei tre etappane. På den første etappen gjekk Andreas Nergård på Nordhordland sitt 1.lag, medan Erland Jordal var startmann for 2.laget. Erland Jordal, som syntes han hadde litt bakglatte ski, med adresse til pappa Ola Johannes, sende Kristoffer Sætre ut på den andre etappen. Og på Nordhordland 1, fekk Erlend Kalnes klappet på skuldra av Andreas Nergård. Både Erlend og Kristoffer gjekk gode etappar, og sende i veg Martin E. Markussen og Herman Alvær ut på ankeretappane. Herman viste at hytteturane på Golsfjellet tidlegare i vinter, har gitt han stor teknisk framgang. Herman skøyta dei to kilometrane på sterke 6 minutt og 56 sekund, og gjekk Nordhordland sitt 1.lag  inn til 17.plass medan Nordhordland sitt 2.lag kom i mål til 19. plass. Begge laga var godt over seks minutt bak vinnarlaget frå Voss, men hang ikkje med hovudet av den grunn. Meir snø og skitrening var svaret frå karane, då dei oppsummerte innsatsen i Parkstafetten.

Gutar 13- 16 år  3 x 3 km stafett ( K-F-F)

I gutar 13-16 år mønstra Nordhordland Skiklubb eit relativt ungt mannskap, og dei fekk tøff motstand frå ski-vande vossingar. Knut Eirik Kolstad kjempa godt på opningsetappen i klassisk og veksla som nummer 17. På andre etappen skøyta Martin K. Kalnes eit teknisk godt skirenn, og heldt plasseringa inn til veksling. Jonas Dalland, som for mange er mest kjend for sine prestasjonar på sykkelen, fekk brukt kjempekreftene sine, og skøyta Nordhordland opp tre plassar. Med tida 9 minutt og 39 sekund på 3-kilometeren, hadde Jonas tiande beste tid på etappen sin . Nordhordland Skiklubb enda til slutt på 14.plass, vel 8 minutt bak Voss IL sitt førstelag.

Menn senior 3 x 8 km  stafett ( K-F-F)

I seniorklassen stilte Nordhordland Skiklubb med eitt mål; å reisa kjerringa etter fjorårets fiasko, då Bjørnar Stusdal ( Lag 1) og Trond Austrheim( Lag 2) såg ut som to siamesiske tvillingar der dei låg opppå kvarande allereie i det første unnarennet på KM-stafetten. Med kondisjonssterke Jo-Harald Færø på den viktige første etappen, gjekk det langt betre i år. Færø hang, tross lite langrennstrening, overraskande godt med teten dei første tre-fire kilometerane, sjølv om han måtte gje ein del sekund til Osterøy sin gamle storløpar, Jonny Mostraum inn til første veksling. Færø sende Bjørnar Stusdal ut på skøyteetappen, 1 minutt og 56 sekund bak leiande Bergsdalen IL . Stusdal gjekk ein solid etappe og gjekk Nordhordland Skiklubb opp til 3.plass ,før Claus Sellevoll skøyta avgarde på den siste etappen. Sellevoll dampa i veg, og med med dagens beste etappetid, åt han opp heile forspranget til dei to laga foran. Nordhordland Skiklubb kunne dermed kryssa mållinja over minuttet føre Osterøy, og innkasserte med det idrettslaget sin første KM-tittel i stafett.

Les Strilen…

Les Nordhordland…

Resultatlister

 

4 tankar om “KM-gull i Parkstafetten”

  1. Nok en gang GRATULERER til dere alle, Kjempegøyt å være tilskuer til en slik fantastisk gjeng.
    For noken forbilder guttene har 🙂

  2. Gratulerer med sterk innsats.
    Ser ut at det å trappa ned er løsningen for å få enda større fart i sporet!(claus)
    Johnny går jo fortast frå øyna utan å trena noko særleg han og

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *