I flotte vinterforhold på Sjusete, leverte deltakarane våre topp innsats, då Fanarennet vart arrangert i fristil laurdag. Herman Toppe Alvær, i klasse gutar 12 år, gjekk eit meget godt skirenn, og skøyta dei 2 kilometerane sine på 7 minutt og 22 sekund. Med det sikra Herman seg ein sterk 5.plass, berre 38 sekund bak vinnaren.
I 14-årsklassen over 3 km fellstart, viste Jonas Dalland nye framsteg som langrennar. Med slutttida 10 minutt og 45 sekund, var Jonas under minuttet bak vinnaren i klassen.
Nordhordland Skiklubb hadde i tillegg fem mann med i seniorklassane. Her må vi trekkja fram Bjørnar Stusdal, som skøyta inn til ein svært sterk andre plass i klasse menn senior.
-Dette er mitt beste skirenn, og ein klar forbetring frå tidlegare i vinter. I dag var eg under to minutt bak dei beste juniorane i klasse M19-20 år. Eg er knallgodt fornøgd med min eigen prestasjon, seier Bjørnar Stusdal .
Kvartetten Nikolai Færø, Einar Færø, Kenneth Alvær og Claus Sellevoll, utgjorde dei andre deltakarane frå Nordhordland Skiklubb. Også desse fire leverte solid innsats i løypene på Sjusete laurdag.
