Herman tok KM-sølv

KM Voss

Nordhordland Skiklubb gjorde sine saker svært godt, då kretsmeisterskapet i langrenn- klassiske distansar vart skipa til på Voss sundag. Ekstra kjekt var det å sjå at det spirar og gror i rekrutteringa, ikkje minst blant jentene der skiklubben hadde med tre jenter i dei yngste klassane. I klasse jenter 9 år viste Alida Westervik Stusdal god skiteknikk, då ho med stor fart suste gjennom 1-kilometeren på sju minutt og 33 sekund. I klasse jenter 11 år og jenter 14 år deltok søstrene Kamilla og Julie Øvretveit for første gong i kretssamanheng. Dei har for det meste trent skøying i år, men gjennomførte begge fine klassiske renn i Herresåsen. Kamilla og Julie er ein del av rekruttgruppa i Eikanger-Ski, og er nyinnmelde i Nordhordland Skiklubb denne sesongen.

At Nordhordland Skiklubb har hevda seg brukbart i dei eldre klassane, er gjerne ikkje så ukjend lenger. Gleda blei difor ikkje mindre då det viste seg at den første KM–medaljen skulle koma i ein av dei yngste årsklassane søndag. Guten som stod for den smått sensasjonelle prestasjonen, var elleve år gamle Herman Toppe Alvær frå Alversund. I snødrevet fossa Herman gjennom to- kilometeren til sluttida, 8 minutt og 11 sekund, berre sju sekund bak vinnaren, Bård Olav Medhus frå Røldal.Lagkompis Andreas Nergård leverte også eit meget godt renn, men hadde uhell undervegs som kosta både tid og krefter. Likevel kjempa Andreas seg inn til ein fin 13. plass mellom dei 19 deltakarane i klassen. Det må også nemnast at Andreas, ivrig, kasta stavane då han var komen i mål, og la ut i løypene for å terpa på diagonalteknikken- i beste Thomas Alsgaard stil !

Erlend Kvamme Kalnes som går i klasse gutar 12 år, gjekk på nytt eit godt skirenn. Han hamna riktig nok litt bak på resultatlista, men avstanden fram til teten er ikkje avskrekkande stor, og tidsmessig er han og Herman T. Alvær på same nivå, både i klassisk og skøyting. Saman med Andreas Nergård tek trioen stadig nye steg og lyftar kvarandre fram, både på trening og i renn. Det lovar godt for framtida og viser at dei tre lagkameratane kosar seg med langrennssporten.

I klasse gutar 14 år gjekk Martin Kvamme Kalnes 3 kilometer. Martin har ikkje hatt på klassisk-skiene på to år, og fekk det nok litt tyngre enn venta på det relativt tunge 0-føret i fjorårets NM-anlegg. Men alt i alt var Martin godt nøgd med eigen innsats, og meddelte at han no har fått tilbake lysten på å trena meir klassisk i tida som kjem.

I dei vaksne klassane stilte Nordhordland Skiklubb med heile 10 deltakarar. Her hadde skiklubben ikkje mindre enn 5 klassevinnarar. Nikolai Færø(FH MS), Bjørnar Stusdal ( M21-30 ), Gunnar Eidsheim, (M31-35), Claus Sellevoll (M36-40 )og Kenneth Alvær (M46-50 ). Best tid av herrane på 10-kilometeren søndag, uansett klasse, hadde Claus Sellevoll som vart kåra til kretsmeister for menn senior. Vidare sikra Magnus Johan Færø (M-18 ) og Trond Austrheim ( M 41-45) klubben to bronsemedaljar i sine klassar. I klasse menn 51-55 år fekk Atle Austrheim ein fin fjerdeplass, medan Einar Færø (M60-64) og Inge Hatlebrekke (M 51-55) fekk høvesvis ein fjerde og femteplass.

Med seg til Voss både laurdag og sundag, hadde Nordhordland Skiklubb eit solid støtteapparat i familien Linda, Oddny og Ludvig Kvamme. Dei tok seg av løparane både før og etter konkurransane. Under sjølve skirennet stod dei på postar ute i løypa, og gav løparane våre oppmuntrande tilbakemeldingar. Den gode fellesskapen og lagånden i Nordhordland Skiklubb, er kanskje den viktigaste grunnen til at skiklubben klarar å hevda seg såpass bra, mellom dei beste skiløparane frå indre strok i skikretsen. Det inspirerar både aktive og leiarar i skiklubben.

RESULTAT

Strilen

Nordhordland


3 tankar om “Herman tok KM-sølv”

  1. Fantastisk innsats av dere alle. Kjekt å se at yrer og gror i ski miljøet igjenn
    :-).
    Stå på videre alle sammen.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *