Friske duellar i Viljarrennet

Viljarrennet vart lørdag arrangert i fristil i Herresåsen på Voss. Me deltok med fire gutar og tre vaksne. I guteklassane viste Herman Toppe Alvær (11)og Erlend Kvamme Kalnes(12) at dei går fort i sine klassar, men der er sterk konkurranse, og begge plasserte seg midt på resultatlista. I klasse G11 år skilte det berre 7 sekund mellom dei seks beste løparane. Herman vart nummer ni, 38 sekund bak vinnaren. Lagkameratane Andreas Nergård (11) og Martin Kvamme Kalnes (14) havna litt lenger bak på resultatlista i sine klassar, men trivest med å gå på ski og var godt fornøgd med løpa. Begge viser god teknisk framgang og har potensiale til å ta ytterlegare inn på teten med litt meir skitrening.

Dei tre seniorane gjorde sine saker svært bra. Claus Sellevoll vart nummer 2 , berre 1 sekund bak vinnaren. Det fattige sekundet frå seieren gjorde at han vart like sur som då han var 12 år, men godt gjort ettersom han har trappa ned og berre går på ski i helgane. Bjørnar Stusdal gjorde nok eit sterkt fristilsløp og vart nummer 3. Kenneth Alvær viste at han beherskar skøyting og tok ein fin femte plass.

Søndag er det KM i klassisk i dei samme løypene.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *