Solid innsats i KM friteknikk

KM i Friteknikk, Dalane/Skjeldal skianlegg .

Skiløypene på Skjeldal bada i vintersol, som eit klassisk postkortmotiv, då Bulken IL skipa til KM i friteknikk laurdag. Nesten tre hundre skiløparar var samla for å konkurrera  i skiløypene på bøane der Kristen Skjeldal la grunnlaget for si fenomenale langrennskarriere. I speakerbua hadde arrangøren fått sysselsett tidlegare radiosport-kommentator og nrk-kjendis, Dag Lindebjerg, som informerte og engasjerte dei tilhøyrande i kjend stil.

Nordhordland Skiklubb stilte med sju deltakarar då storparten av dei beste skiløparane i Hordaland var samla for å gjera opp om KM–tittelen i friteknikk. I 11 årsklassen viste Herman Toppe Alvær at formen fortsatt er intakt, og skøyta inn til ein solid 10. plass mellom dei 18 deltakarane. Den relativt tunge løypa og det kalde knirkeføret laurdag, gjorde at løpstida i dei fleste klassar, vart ein del lengre enn det normale. Herman som gjekk 2 kilometer, blei klokka inn på 9 minutt og 14 sekund, og var 55 sekund bak vinnaren i årsklassen.

I gutar 12 år deltok Alversundgutane Erlend Kvamme Kalnes og Marcus Hansen. Erlend dansa rundt i 2-kilometeren og kom i mål til ein 14.plass på tida 9 minutt og 12 sekund. Dette var 2 små sekund raskare enn treningskompisen Herman T. Alvær, som er ein god målestokk både for Erlend og dei andre 11-12 åringane i skiklubben. Vår andre deltakar i 12-årsklassen Marcus Hansen, har ikkje mange skiøktene i år, men har ein motor som vil gje han stor framgang i skisporet om han får fleire treningstimar på snø. Marcus var godt nøgd med skirennet sitt, og kom i mål til 18.plass på tida 11 minutt og 23 sekund.

Jonas T. Dalland la ut i den harde 3- kilometeren med beskjed frå trenarane Kenneth og Claus, om at dette kunne bli hans dag i langrennssporet. Og Jonas leverte varene. Med sin enorme kapasitet dreiv han over bøane og kom inn til ein svært sterk 6.plass mellom dei 12 deltakarne i 14-årsklassen. Tida blei 11 minutt og 36 sekund, berre 57 sekund bak krinsmeisteren August Sandnes frå Fana IL. Jonas var veldig nøgd, og seier at dette gjev motivasjon til meir langrenn i tida som kjem. Jonas som er mest kjend for sitt sykkeltalent, veit at han har mykje å gå på reint langrennsteknisk. Han kjem til å terpa meir på detaljane framover, mest for å betre på arbeidsøkonomien i skisporet. På same tid ser han også verdien av all langrennstreninga, som eit nyttig verkemiddel for å betre anaerob terskel og kapasitet inn mot sykkelsesongen.

I Seniorklassen stilte Nordhordland Skiklubb med Kenneth Alvær, Bjørnar Stusdal og Claus Sellevoll, då herrane skulle tevla om KM-tittelen på 15 kilometer. Alle dei vaksne over 21 år gjekk i ein og same klasse denne laurdagen, og løparane laut ut i 3 rundar i det som må kallast ei vaksen 5 -kilometersløyfe. Også denne helga leverte seniorane våre solid innsats i sporet. Claus Sellevoll fekk stor merksemd frå speaker Dag Lindebjerg, då han glei over mål som suveren krinsmeister 3 minutt og 41 sekund føre andremann Eirik Mjelde frå Osterøy IL. Tredjeplassen gjekk til arrangørlaget Bulken sin Petter Maurseth Blindheim, som var 3 minutt og 53 sekund bak Sellevoll. På fjerdeplass kom skiklubben sin Bjørnar Stusdal, 21 sekund bak bronsemedaljen. Evigunge Kenneth Alvær fulgte opp med ein flott 7. plass, og som på den måten stadfesta at Nordhordland Skiklubb hevdar seg godt mellom dei beste seniorane i Hordaland skikrins.

Les Strilen

Les Nh

RESULTAT

Ein tanke om “Solid innsats i KM friteknikk”

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *