Sellevoll til topps i Ørnarrennet

Tormod Vågenes, Claus Sellevoll, Trond Austrheim, Harald Sagstad, Atle Austrheim og Asbjørn Eidsheim var dei seks løparane frå skiklubben som stilte til start, då det det 62. Ørnarrennet vart arrangert søndag føremiddag. Løypa som målte 37 kilometer gjekk i det krevjande terrenget frå Årmotslia skisenter i Myrkdalen og opp over fjellet, før ein skrei ned til Oppheim. Der vende deltakarane med kurs attende til Årmotslia etter ein tur innom Kvanndalen via Reppane og Revhaugen.

Claus Sellevoll tok føringa frå start, og opparbeidde seg raskt ei stor luke ned til dei nærmaste konkurrentane i stigningane opp over tregrensa under Tjørnarhovden. Men snøværet og den dårlege sikten kunne fort kosta han sigeren. I unnarennet nokre kilometer før mål følgde nemleg Sellevoll eit blindspor frå ein snøscooter og oppdaga ikkje villeia før nokre hundre meter lenger nede i terrenget. Heldigvis var avstanden bak til konkurrentane så stor, at Sellevoll kunne å gå over mål i einsam majestet som vinnar av Ørnarrennet 2013, omlag to minutt føre andremann Håvard Pederesen frå Ternen IL.

LANGRENN.COM – ØRNARRENNET

Avisa-Hordaland

Strilen

Resultat Ørnarrennet_2013

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *