
97 løparar fullførte årets turrenn Herresåsen Rundt på Voss. Det vart arrangert
for 13. gang.Heile 9 løparar frå skiklubben stilte til start. Rennet er 26 km,
startar på skistadion, tar turen opp i Herresåsen der ein går 2 runder og ned
att til mål på skistadion. Det var flotte løyper, men litt problematisk føre då
det var usikkert om ein skulle gå for voks eller klister. Dei fleste valgte nok
universalklister dekka med voks.
Som vanleg denne sesongen har me løparar som hevdar seg heilt i toppen på
reultatlistene. Claus Sellevoll var oppteken med Vasaloppet så beste løpar fekk
me ikkje, den gjekk til Sondre Tysseland frå Samnanger på 1.27.24. Men fleire
gode plasseringar i klassane fekk me. Sindre Ole Gjerland Sunde vart nr. 2 i
klasse M 21-25 på 1.31.02, Bjørnar Stusdal vant sin klasse M 26-30 på 1.35.23.
Turid Stusdal gjorde come back med å vinna sin klasse K 26-30 på 2.38.14.
Broren Einar Stusdal fekk og startnummer på seg etter gamalt og gjorde eit
solid renn i klasse M 31-35, 4. plass med tida 1.52.38. Vidare vart Gunnar
Eidsheim nr. 3 i klasse M 31-35 og Andre Corneliussen nr. 5 i samme klasse.
Ståle Leiren gjorde eit godt renn med 4. plass i klasse M 36-40. Og i klasse M
51-55 vart Inge Hatlebrekke nr.5 og Atle Austrheim nr.7.