Årets høgdepunkt for mange i skiklubben går av stabelen i morgon, lørdag 16.mars. Då skal kreftene røynast i dei 54 km lange Birkebeinerrennet frå Rena i Østerdalen til OL arenaen på Lillehammer.

Det er i år rekordmange frå Nordhordland skiklubb som stiller til start i Birken, heile 22 stk. Tre familiar stiller med fleire deltakarar. Sterkast stiller nok fam. Stussdal, som har heile 5 til start. Men og brørdrene Trond og Atle Austrheim skal måla krefter mot kvarandre, og det siste brødreparet er Claus og Børge Sellevoll, der begge viste sterke resultat i Vasaloppet nyleg.

Det er meldt om flotte løypeforhold i år og gode vær og føreprognosar: minus 5 – 10 grader heile traseen. Det einaste vesle usikkerhetsmomentet er at det kan koma litt nysnø i løpet av natta fram til start.

Dei som vil følga passeringstidene på den enkelte løpar kan gjera det ved å gå inn på www.birkebener.no og klikka seg vidare på resultatservice. Skiklubben vil og leggja ut resultat så snart desse er klare.

Reportasje i Dagens næringsliv

Slik ble komikeren klar for Birken – Åsane Tidende 15 mars

 

Legg igjen en kommentar