Eikanger IL og Nordhordland Skiklubb avsluttar skisesongen med Gamlesætra Skicup og Strilarennet på Gamlesætra søndag 24. mars.

Strilarennet er klassifisert som eit turrenn, og alle er invitert til å vera med, uansett alder og kapasitet. Det som skil turrennet frå andre konkurransar er at ein må vera fylt 16 år for å få gå på tid. Alle under 16 går utan tidtaking. Dette kan sjølvsagt dei over 16 velja å gjera også. Det vert fellesstart, og stilarten er som alltid klassisk.

Begge skirenna vert skipa til i skianlegget på Gamlesætra. Skiforholda der har vore flotte den siste tida og oppslutnaden på Nordhordlandmeisterskapen for to veker sidan viser at fleire har fått opp augene for skisporten, både nybyrjarar og gamle travarar. Rennstart for Strilarennet på søndag er klokka 13.30 med påmelding frå kl 11:00-12:00. Vêrvarselet for helga seier sol frå klar himmel; strålande påskevêr med andre ord.

Distansane på Gamlesætra Skicup er dei same som tidlegare i vinter, medan deltakarane på Strilarennet skal gjennom ei 4,5 km sløyfe 4 gongar, slik at den totale strekninga vert på 18 kilometer. Men me vil vera fleksible på distansen. Om nokon i trimklassane ikkje ønskjer å gå 4 rundar går det heilt fint.

STRILARENNET:

ARENA: Gamlesætra, Romarheim
ALDERSGRENSE: Alle klassar f.o.m 16 år. Trimlasse utan tid valfri distanse
PÅMELDING: kl. 11:00 – 12:00
START STRILARENNET : Kl. 13:30
STARTKONTINGENT: 50 kr.

GAMLESÆTRA SKICUP:

ARENA: Gamlesætra, Romarheim
ALDERSGRENSE: Alle klassar; barn og vaksne
PÅMELDING: kl. 11:00 – 12:00
START GAMLESÆTRA SKICUP : Kl. 12:30
STARTKONTINGENT: 50 kr.

Eikanger IL og Nordhordland Skiklubb ønskjer alle velkomen  !

 

Legg igjen en kommentar