Skisesongen kunne neppe fått ein betre avslutning då Gamlesætra skicup og Strilarennet vart skipa til i strålande sol palmesøndag. 81 deltakarar fann vegen til skianlegget i Romarheimsdalen der tørr snø og velpreparerte skiløyper gav både små og store det som må kunne karakteriserast som drøymeforhold.

Dei yngste klassane deltok i det 4. rennet i skicupen og alle med minst 3 deltakingar fekk tildelt pokal under premiesermonien.

I Strilarennet var ikkje deltakinga like imponerande, men dei tolv deltakarane som stilte til start i konkurranse -og trimklassen, fekk i alle fall køyrt seg i den relativt tøffe 18-kilometeren, der løparane gjekk ei 4,5 kilometer sløyfe 4 gongar.

RESULTAT Gamlesætra skicup renn 4

RESULTAT Strilarennet

Strilen 26.mars  Sporten

Nordhordland 27.mars

 

Legg igjen en kommentar