Stipend til Bjørnar Stusdal

Av Ketil Tjore,  STRILEN

Idrettsrådet deler kvart år ut sti­pend til idrettsutøvarar, leiarar, trenarar eller idrettslag. Dette året var det langrennsløpar Bjørnar Stusdal frå Nordhord­land skiklubb, og handballtre­nar Ragnhild Tveit Porsmyr frå Knarvik IL, som fekk heider, ære og kvar sin sjekk på 5.000 kroner.

– Stipendet skal stimulera til vidareutvikling og utdan­ning innan idrett og aktivitet, sa Bjørn Ove Myking i samband med utdelinga.

Radværingen Myking er sty­releiar i Hordaland idrettskrets, og delte ut stipenda saman med leiar i Lindås idrettsråd Svein Haukås.

– Kjem godt med
– Stipendet kjem godt med, det kostar ein del å satsa på skiidrett, seier Bjørnar Stusdal.
– Dette motiverer til vidare trening.
Onsdag kom han rett frå trening i lysløypetraseen på Gamlesætra, og til årsmøtet i idrettsrådet der stipenda vart delte ut.
– No bur eg i Åsane, men eg er på Gamlesætra kvar kveld for å gå på ski, seier han.
Stusdal går for Nordhordland skiklubb, og er ein av dei som har løfta aktiviteten i klubben dei siste sesongane, mellom anna med KM-tittelen i stafett. Denne vinteren har han gått renn mest kvar einaste helg.
Ny duell
Stusdal (26) har alle grunnar til å vera god på ski, oppvaksen som han er på garden som husar løypetraseen på Gamlesætra. Men etter å ha utvikla sjukdommen cøliaki (glutenallergi) i oppveksten, gjekk det mange år der han ikkje fekk noko utvikling att for treninga.
– Det gjekk mange år før legane klarte å finna ut at det er cøliaki eg har. Men no har eg fått trena skikkeleg det siste halvanna året, seier han.
– Eg har verkeleg fått gløden tilbake.
Sist helg var han nest best av dei lokale i Birkebeinerrennet, berre Claus Sellevoll gjekk raskare enn Stusdal. Det vert ein ny duell mellom dei to alt søndag, under Strilarennet på Gamlesætra.

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *