Herman Toppe Alvær (startnummer 54 ) gjekk inn til ein flott 6. plass i Hemsedalsrennet skjærtorsdag. Herman som går i klasse gutar 11 år konkurrerte i klassisk fellsstart der distansen var 3 kilometer. Herman kom i mål på tida 12.41 og var eitt minutt og femti sekund bak vinnaren i klassen.
I seniorklassane stilte vår vener Helge Brandsdal og Gjert Brandsdal frå Osterøy IL. Dei to brørne vart høvesvis nummer to og tre i sine klassar i den 28 kilometer lange klassiske fellesstarten.
Den aller største stjerna var likevel Petter Northug jr. som hadde tatt turen til Hemsedal i samband med eit sponsoppdrag. Northug leverte som vanleg varene og spurtslo Pål Golberg til stor begeistring for sine mange fans. Hemsedalsrennet vart i år arrangert for 25. gong.