Nh Skiklubb mot kanon-vinter i 2014

Nordhordland Skiklubb skal endeleg få realisert draumen om investering av mobil snøkanon. Dermed skal både Hopsdalen og Brekkeløypa i framtida forsynast med kunstig snø som sikrar gode skiforhold frå midten av november og heilt fram til månedskiftet mars/ april.

Ei snøkanon til om lag 2 millionar kroner vil vere nøkkelen som opnar døra for nordhordland som skisentrum i Bergensområdet.

Det vil bli kalla inn til eit ekstraordinært årsmøte i Nh skiklubb i juni slik at ein formelt kan gi klarsignal om å bestilla utstyret. No manglar berre nokre klareringar rundt finansieringa før skiklubben kan starta å produsera snø til neste sesong. Det vil i så fall kunne bli verdifullt, både i bokstavelig og overført betydning.

Dei siste åra har Hopsdalen slitt med å holda skiløypa i drift. I vintersesongene 2011, 2012 og 2013 har løypene vore opne i totalt berre 20 dagar. Når snøkanona sannsynligvis er i drift rundt nyttår, kalkulerar Nordhordland Skiklubb med å kunne holda både Brekkeløypa og Hopsdalen open i ca 70 dager frå midten av november. Vi vil kunne hjelpa til med å produsere snø for å holde andre løyper i drift også. Går alt etter planen vil vi kunne tilby snøforsyningar til både Fløien og Gullbotn og evt. andre mindre løyper rundt i distriktet. Snøkanona kan løyse mange problem for Nordhordland Skiklubb og skimiljøa i Bergen og omegn. Men det er ikkje heilt enkelt for eit lite idrettslag å foreta ei investering i denne størrelsesorden, ettersom snøkanona er bygd for et el-anlegg på 400 volt, og som åleine kostar Nordhordland Skiklubb 577.000 kroner. Totalt har investeringa ein ordinærpris på 2.575.000 kroner. Av dette har vi fått rabattar på 530.000 kroner og skal jobbe dugnad for om lag 150.000 kroner.

Etter at leiaren for anleggskomitéen, Stein Wæhle, var på synfaring i området for 9 dagar sidan, har skiforbundet munnleg lova ei støtte på 280.000 kroner til investeringa. I tillegg håper Nordhordland Skiklubb å få inn 450.000 kroner i sponsorkapital. Som om ikkje dette er nok, har Eikanger IL fått tilslag i form av tippemidlar til å bygge eit skileikanlegg på Gamlesætra.

Det går mot kanon vinter i 2014 !

NB! Dette er aprilsnarr !

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *