Magnus-Johan Færø avslutta skisesongen meget bra då juniorane gjekk det siste rennet i Norgescupen på Sjusjøen torsdag 4.april . Herrane gjekk 10 km friteknikk, og Magnus-Johan Færø som går i klasse M- 18 år, gjekk i mål til ein sterk 28.plass på tida 26.42. Færø var med det 2 minutt og 11 sekund etter vinnaren Audun Erikstad frå Vadsø Skiklubb. Best av hordalendingane var røldølen Gaute Kvåle som sikra seg 2. plassen i klassen. Torsten Dagestad frå Bulken IL vart nummer 22, medan ostringen Eirik Brakvatne Mjelde skøyta inn til ein 44.plass, halvminuttet bak Færø.
Magnus-Johan Færø har gjort store framsteg som langrennsløpar denne vinteren. Resultatet torsdag er eit nytt steg, og utvilsamt det beste Færø har prestert i skisporet.
