Nordhordland Skiklubb representert ved Claus Sellevoll og Knut Langeland, inngjekk den 12.april 2013 ein avtale med grunneigarane i Dyrkolbotn om preparering av langrennsløyper frå og med skisesongen 2013/2014. Løypa er vist på kartet (over) og vil vere om lag 3 km lang. Nordhordland Skiklubb har saman med grunneigarane valt ut denne traseen, og skiklubben har fått løyve til å preparere løypa etter behov. Planen er å køyra opp fristiltrase og klassiske spor med snøscooter når snøtilhøva og isen på vatnet tillet det.
Partane er einige om at det, dersom det ligg til rette for det, også kan skipast til eit turrenn i løpet av sesongen. Løype vil i så tilfelle kunna køyrast opp, også med scooter, på Fossvatnet og Instebotnsvatnet og inn i Instebotnen.
Strålande. Godt jobba Claus og Knut.