Lørdag 20. april gjekk det 40. Skarverennet av stabelen. Elleve deltakarar frå Nordhordland Skiklubb var med og sette sitt preg på rennet, fordelt på seks i konkurranseklassen og fem i trimklassen. Det var gode spor, lett medvind og etterkvart meir og meir sol. Så dei omlag 12.000 deltakarane fekk ei flott oppleving i høgfjellet.
Sterkast var nok ein gong Claus Sellevoll som skøyta dei 38 kilometerane på raske 1 time, 33 minutt og 42 sekund. Det held til 2.plass bak Frode Andresen i klasse Menn 36-40 år, og 46. plass totalt, knappe 13 minutt etter vinnaren Martin Johnsrud Sundby(1,20,44). I tillegg greidde Magnus-Johan Færø (1,52,48), Børge Sellevoll (1,57,23) og Einar Færø (1,59,10) alle å knipa seg under 2 timar. Imponerande. Inge Hatlebrekke kom i mål på 2,07,02 og Rune Minde på 2,16,59. Flott innsats.
For dei fem i trimklassen var nok ikkje tida det mest avgjerande, men uansett utgjorde Skarverennet eit fint punktum for ein aktiv og god sesong for Nordhordland Skiklubb.
Brune blei dei og 🙂