Reportasje frå skifesten i Strilen

DIPLOM OG MEDALJE: Denne gjengen var på plass torsdag for å få diplom og medalje. Framme frå venstre Camilla, Alida, Marcus, Noah, Isak, Mathias, Maja, Herman, Emil, Andreas, Ingrid, Erlend, Karoline, Jonas og Emma. Bak frå venstre Julie, Heddas, Erland, Kristoffer, Tarjei, Adrian, Martin, Jonas og Knut Erik.

Av Ketil Tjore ketil@strilen.no

KNARVIK: Ungdommane var i sentrum då Nordhordland skiklubb hadde premieutdeling.

– Kva som er kjekkast med langrenn? Alt! seier Hedda Aasgård, som torsdag var med på Nordhordland skiklubb si sesongavslutning. Oppunder femti av dei 216 medlemmene var samla i Nordhordlandshallen for å kosa seg med pizza og kaker, og dei yngste fekk applaus og medalje for innsatsen i vinteren som gjekk.

– Eg veit ikkje heilt enno kor god eg skal bli, seier Hedda Aasgård (12). Det ho veit, er at fristil er kjekkare enn klassisk. Der er Maja Totlandsdal (6) heilt samd. – Eg skal verta flinkare enn pappa Jonny, slår Maja fast.

God sesong

Herman T. Alvær (Gutar 11 år) fekk ros for KM-sølvet i klassisk stil, og Magnus-Johan Færø vart trekt fram for si gode utvikling denne vinteren. Færø går andre året på skigymnaset på Geilo, og har konkurrert over heile landet, med gode plasseringar i fleire Norgescuprenn. I tillegg til å konkurrera ute, har det vore kjempebra deltaking på Gamlesætra skicup denne vinteren, ein cup som Eikanger idrettslag arrangerer. Skiklubben hadde ansvaret for Nordhordlandsmeisterskapen (tidlegare Lindåsmeisterskapen) og Strilarennet.

God deltaking

– I Nordhordlandsmeisterskapen nådde me opp i 245 startande, til saman for individuelle renn og stafettar, fortel Atle Austrheim i skiklubben. For Strilerennet 2014 annonserte Claus Sellevoll at det kan komma eit samarbeid med IL Bjørn West, og kanskje rennet går i Stordalen? – Ei løype i Dyrkolbotn er også aktuelt, inn til Instebotn, fortel Sellevoll. Frå den kommande vinteren har skiklubben fått avtale med grunneigarane i Dyrkolbotn, slik at det kan leggast til rette ei løype på ca 3 kilometer rundt vatnet der.

Vann i KM

Også seniorane i klubben har også denne sesongen gjort det bra, i både individuelle renn og i stafettar. KM-stafetten var det Nordhordland skiklubb som vann, med Jo-Harald Færø, Bjørnar Stusdal og Claus Sellevoll på laget. Og i NM-stafetten vart det ein 102. plass med Sindre Sunde, Bjørnar Stusdal og Magnus-Johan Færø på laget. Det var ein god framgang frå 2012, då skiklubben sitt lag vart henta inn att med ein runde og måtte bryta. Og så har leiaren sjølv i klubben, Claus Sellevoll, markert seg fremst mellom dei vaksne denne vinteren. Han har vunne fleire renn, og fekk gode resultat i både Vasaloppet, Birkebeinerrennet og Skarverennet.

Skiklubben står for ekstremløp

KNARVIK: Nordhordland Skiklubb overtok i 2012 arrangøransvaret for Knarvikmila Xtrem, og laga til løp i ei ny rein terrengløype mot Isdal og over Indregardsfjellet. Skiklubben er arrangør også i 2013, og løpsdatoen vert onsdag 21. august. Meir om dette løpet og andre løp i regionen i avisa tysdag 30. april. (Har du eit nytt løp som ikkje vart arrangert i fjor,send ei melding i løpet av helga til ketil@strilen.no)

Strilen 27.april 2013

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *