Skiklubben signerer sju samarbeidsavtalar

Nordhordland Skiklubb kan gleda alle sine medlemmer. Klubben signerer i desse dagar avtalar med sju nye sponsorar (PSW Group, Kiwi Ikenberget, Frank Mohn Mongstad , Mundal Subsea , Totlandsdal Bygg , Maritime Engineering, og Reigstad Bygg og Eiendom)

Avtalane gjer drifta av skiklubben mykje lettare, seier leiar Claus Sellevoll, som ikkje ynskjer å gå inn på kor mykje kvar enkelt avtale er verdt.

– Eg seier som Monsa-Mjelden: » Eg vil ikkje røpe for mykje! «. Det eg kan avsløre er at alle dei sju samarbeidsavtalane har ein varigheit på tre år, der alle sponsorane har opsjon på eitt nytt år.

Nordhordland Skiklubb har i dag 217 medlemmer og ei ungdomsgruppe som tel omlag 30 medlemmer i alderen frå 10 til 16 år.

– Vi har mange lovande skiløparar i ungdomsgruppa vår. I tillegg har klubben fleire senior og veteranløparar som driv aktiv langrenn, og deltek i kretsrenn samt større og mindre tur -og landsrenn. Målsetjinga er også å etablere ei freestylegruppe for å stimulere ei gruppe unge akrobatar som trenar i Nordhordlandshallen, seier Claus Sellevoll som rosar sponsorane, alle frå det lokale næringslivet i Nordhordland, og som verkeleg ser verdien av det arbeidet skiklubben legg ned for barn og ungdom i regionen.

– Det er særdeles hyggeleg at verksemdene i regionen har trua på oss i Nordhordland Skiklubb, seier Claus Sellevoll, som karakteriserar sponsorjakta som relativ tøff.

– Pengane sit ikkje nødvendigvis laust, men vi har lagt fram våre målsetjingar, og har hausta stor positivitet for det hos samarbeidspartnarane, og fått til veldig gode avtalar for dei neste tre åra, seier han.

nordhordland

strilen

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *